Vetlajento
Eplemost, Discovery
I gamle dagar var det både frukt, bær og dyr på garden. Om somrane var kyrne på stølen på Hardangervidda. Budeia hadde ansvar for arbeidet på stølen. På veg til stølen i Kristofferbu, overnatta dei i steinbua i Munkabu. I dag er Munkabu Vetlajento sitt ferieparadis. Der stuper ho kråke i mosen, leitar etter kreklingi lyngen og badar i iskaldt fjellvatn. Vetlajento likar å hente vatn i bekken, sjølv om bøtta er tung og mykje av vatnet skvulpar ut.
Eg heiter Ingrid og er Hardangerbonden. Eg er utdanna lærar, men har arbeidd som bonde dei siste seks åra. I 2014 overtok eg garden der eg er oppvaksen. Her bur eg med sunnmøringen min Bård og jentene våre, Ida og Tuva. I kårleiligheita på garden bur mor mi, Inger.
På garden har me produksjon av eple, plommer og juletre. No ynskjer me å foredla eigne råvarer gjennom produksjon av eplemost og sider, og hausten 2020 lanserer Hardangerbonden sine fyrste produkt.
I fyrste omgang vert det ein prøveproduksjon og i 2021 skal me byggje ny driftsbyging til produksjon av eplemost og sider. Har du lyst å føgje med på arbeidet og livet på garden kan du følgje @hardangerbonden på Instagram.