Nordavind Interiør
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

 

Produkter fra Hardangerbonden


Eg heiter Ingrid og er Hardangerbonden. Eg er utdanna lærar, men har arbeidd som bonde dei siste seks åra. I 2014 overtok eg garden der eg er oppvaksen. Her bur eg med sunnmøringen min Bård og jentene våre, Ida og Tuva. I kårleiligheita på garden bur mor mi, Inger.

På garden har me produksjon av eple, plommer og juletre. No ynskjer me å foredla eigne råvarer gjennom produksjon av eplemost og sider, og hausten 2020 lanserer Hardangerbonden sine fyrste produkt.

I fyrste omgang vert det ein prøveproduksjon og i 2021 skal me byggje ny driftsbyging til produksjon av eplemost og sider. Har du lyst å føgje med på arbeidet og livet på garden kan du følgje @hardangerbonden på Instagram.

1
Viser 1 til 4 (av 4 produkter)

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke